I helga scora Lionel Messi sitt mål nummer 100 (og 101) for Barcelona. I ein alder av 22 er han den yngste som når denne milepælen i Barcelona-trøya. Han kan fort bli den yngste som rundar 200 også.
Argentinaren nådde altså tresifra kort tid etter at han vart kåra til både europas og verdas beste spelar i 2009. Han har fulgt opp markeringa av seg sjølv og mottaking av pokalar, med å score fem mål på dei to seriekampane han har spelt etter ein forlenga juleferie. Han har med andre ord starta der han slapp – eller kanskje har han faktisk blitt endå betre den siste månaden. Kven veit med den mannen? Kor langt kan han nå? Kor god kan han bli, om ikkje han allereie er på sitt aller beste?
Mannen som har scora aller flest mål for Barcelona gjennom tidene, alle turneringar inkludert, heiter César. Han spelte for katalanarane frå 1939 til 1955, og rekorden hans på 235 mål har dermed stått i over 50 år. Han er for øvrig også den einaste som har scora over 200 mål for L'equip blaugrana. Rekorden vil nok stå nokon år til, men om det er ein av dagens Barcelona-spelarar som har potensialet til å knekke den ”evigvarande” rekorden, er det Lionel Messi. César var over 28 år gamal då han runda sine første 100. Innan Messi har fylt 28 – om fem og eit halvt år – kan han fort ha prestert det dobbelte. Og framleis vil han ha mange år igjen.
22-åringen fekk sin offisielle debut for Barcelona i 2004, 17 år gamal, og har brukt omlag fem og ein halv sesong på sine 100 scoringar. Det er fleire spelarar som har brukt langt mindre tid og langt færre kampar på å nå milepælen. Messi trengte 188 kampar, mens spelarar som Samuel Eto’o (157 kampar), Rivaldo (173), Hristo Stoichkov (186) og nemnte César (169) altså trengte færre. Men då skal ein samstundes ta med i reknskapet at desse kom til Barcelona då dei var svært nære toppen av karrieren. Dei vart meir eller mindre henta til klubben som målgarantistar i utgangspunktet. Messi var altså ein rykande fersk, tynn, liten tenåring då han debuterte. På sine første år i det som kan bli ein heilt absurd fotballkarriere, var det naturleg at han ikkje hadde eit snitt i nærleiken av eitt mål per kamp. Skal ein tru teorien om at fotballspelarar når sin absolutte topp mot slutten av 20-åra, har me så uendeleg mykje meir i vente.
For øvrig, som ein kuriositet, bør me nemna ein mann som Mariano Martín. Han spelte på same tida som César og var den yngste som runda 100 mål (24 år) før Messi braut den rekorden. Det smått fantastiske var at Martín berre brukte 99 kampar på å gjer det, og skal me tru Wikipedia vart framgangen hans i stor grad øydelagd av ein kneskade. Som følgje av det endte han på 128 mål totalt.
Men, tilbake til Messi. Eg kjenner meg ganske sikker på at om han blir verande i Barcelona, om ikkje for alltid så i alle fall ei god stund framover, vil han sette ny scoringsrekord i den tradisjonsrike klubben. Samstundes føler eg det er fleire som kunne gjort det same – i dagens fotball, der spelarar byter klubb oftare enn truser, som det så briljant heiter... Eksempelvis kunne spelarar som Rivaldo, med sine 130 mål for klubben, og Eto’o (129) i alle fall ha runda 200-grensa om dei hadde vore der fleire sesongar. Messi har allereie vore der lenger enn begge dei to nemnte. Kvalitetane hans er så overtydande, og personen verkar så jordnær, at berre ein skade eller eit byte av klubb kan hindre han i å score meir enn 235 mål for Barcelona.
Akkurat no er det ingenting som tyder på at Messi nokon gong kjem til å skifte klubb. Han har gitt uttrykk for at det berre er éin klubb for han, og prislappen han er merka med er mildt sagt svimlande. Det er ikkje berre kor mange trofé ein samlar, kor mange mål ein scorar, eller korleis ein scorar dei, som avgjer statusen til ein spelar i tida etter karrieren. Lojaliteten overfor klubben er minst like viktig. Og på alle desse punkta ser Messi ut til å score særs høgt. Men han er jo framleis berre 22 år. Kan han, kva angår lojalitet og forhold til sin klubb, bli ein Raul, Totti, Scholes?
Barcelona ser for øvrig ut til å vere i ei særstilling blant dagens gigantklubbar i ein kapitalistisk marknad fotballverda aldri har sett makan til. Dei har ei kjernegruppe av spelarar det er heilt utenkeleg å sjå i andre, rivaliserande klubbar. Xavi, Iniesta, Puyol... Sjølv om Messi er frå Argentina verkar det som om han er ein av desse karane. Ein av ”gutta” som er så inngrodd i den barcelonske fotballkultur, forståing og sjel, at han nærast må skrapast av som eit veggtapet for å komme derifrå. Og kanskje kan den overkommelege scoringsrekorden fungere som ein motivasjon i seg sjølv – for ein som allereie har vunne alt han kan vinne med eit klubblag. Han har jo ein milepæl gjenståande, eit langsiktig prosjekt; å bli den mestscorande Barcelona-spelaren gjennom alle tider. For det kan han i aller høgste grad bli.
Messi ser ut til å ha alt det positive, minus alt det negative, som mannen han liksom skal fylle dei argentinske skoa etter hadde – han som i dag sit på pressekonferansar og snakkar om suging. La oss for all del håpe at karrieren til Messi ikkje blir eit spegelbilete av Maradonas, for då vil me få ein nedtur allereie til sommarens VM. Samanlikningane har allereie vore mange. Venstrefot, dribleferdigheiter, liten av vekst, solomål, handsemål, Barcelona-karriere etc. Men då Maradona var i VM som 22-åring i 1982 – også han hadde enorme forventningar rundt seg – viste han talentet sitt i beste fall glimtvis. Det heile endte med raudt kort mot Brasil og tidleg exit for Argentina. Det var først som 26-åring Maradona dominerte VM i Mexico. Slik sett er det ikkje før neste VM, i Brasil 2014, at Messi verkeleg skal blomstre for sitt landslag.
Men Messi er ikkje Maradona. Messi er Messi. Me får berre håpe at den førre guden ikkje står i vegen for den neste i det kommande VM. I Barcelona er vesle Lionel stor, og har hatt langt større suksess enn det El Diego hadde i same klubb. Og Messi kan faktisk framleis bli endå større.
Til slutt ein liten quiz:
I denne runden feira ein annan spelar sin 50. La Liga-kamp med å score sitt aller første La Liga-mål. Kven var det? Send svaret til konkurranse@canalplus.no og merk mailen med ”La Liga” i emnefeltet. Premien er ei hettejakke, så legg gjerne ved storleiken du ønsker i tillegg til postadressa. Fristen er fredag 22. januar.
Lykke til!
Skrevet av:
Magnar Kvalvik
Dato:
20 januar 2010