Faksimile: Marca 11. mars 2010.

Adiós Pellegrini?

”Adiós Champions. Adiós Pellegrini”. Marca har tilsynelatande aldri likt Real Madrid sin nye trenar. ”Bensin på bålet” er eit mildt uttrykk etter onsdagens Champions League-fiasko for Galacticos II. Serieleiinga er gløymt. Lyon er dødaren over alle dødare.

Det skulle vera sesongen då Real Madrid tok tilbake hegemoniet i Europa. Milliardinvisteringar skulle fjerne all tvil. Men den nest siste kampen på Santiago Bernabeu i årets utgåve av verdas vakraste klubbturnering, sytte for at Real Madrid er tilskodarar når den siste vert sparka i gong i mai. Skadefryd hit, tårer dit, sorg her, latter der. Dei som ikkje elskar å elske Real Madrid, elskar å hate dei. Ingen er likegyldig til onsdagens Champions League-bombe.

Av alle dei seks gongane – på rad – at Real Madrid har takka for seg i åttedelsfinalen, kan eg ikkje førestille meg at nokon exit kjennest tyngre enn denne. Kåre Willoch sa ein gong at uttrykket ”å ydmyke” altfor ofte blir brukt i samband med sport. Det er i strid med idretten sitt føremål å audmjuke nokon som helst, meinte han. Eg ser poenget, men eg trur ikkje at eit anna omgrep kan forklare kjenslene til spelarar, supporterar, presidentar, direktørar, trenarar, banemenn eller pølseselgjarar på Santiago Bernabeu betre akkurat no.

Den Barcelona-baserte avisa El Mundo Deportivo la ut ein tom artikkel på nettet, med oppfordring til alle som måtte føle for det, å poste sine kommentarar om kva dei syntes om Real Madrid sitt takk og farvel: ”Først var der galakse, så Big Bang.” ”Skyv Galakse II inn i eit svart hol!” I Spania har tydelegvis galakse-ordspela langt på veg overgått den norske tabloiden sin ”Real nedtur”-ordmoro.

Higuaín scorar i bøtter og spann i serien. Men i Champions League får han det ikkje til å stemme, og kanskje er det derfor vi framleis føler han manglar det siste steget før han kan omtalast i same andedrag som Rooney, Torres, Messi etc? Han skaut i stolpen då målet stod så ope at det geipa, som Thor-Rune Haugen ville sagt. Seinare kunne han ha scora aleine med keeper. Eller han kunne ha sentra til Ronaldo, som då ville hatt ope mål. Det vart ingen av delane. Det kunne stått 3-0 til pause.

Folket i Madrid har ropa desperat etter Kaka slik dei kjenner Kaka. Onsdag vart han bytt ut rett etter at Lyon hadde fått bortemålet sitt. Då Real Madrid måtte fram og score, då dei måtte legge press på Lyon og dominere offensivt dei resterande femten minuttane. Då ein skulle tru det var ein slik som Kaka, slik vi kjenner Kaka, dei trengte. Då var Kaka feil mann. Inn med Raul. Det hjalp ikkje det spor. Om nokon skulle ha scora i sluttminuttane var det franskmennene. Det kunne stått 1-3 til slutt.

Marca lagde ein av sine mange pollar: ”Burde Real Madrid sparke Pellegrini?” For sjølv om Higuaín bomma på sjansar i Champions League der han scorar i Primera, og sjølv om Kaka ikkje spelar slik vi kjenner Kaka, er det Pellegrini sin feil alt saman. Talet på stemmer steig frå 10 000 til 18 000 på fem minutt. 25 000 ti minutt seinare. Og sjølv i affektens time – sjølv i dei minuttane då heile Madrid sat der i sjokktilstand, stemde nærare 65% ”nei”. Utover natta steig støtta til Pellegrini sakte men sikkert prosent for prosent. Endå eit nederlag for Marca? Folket ser ut til å like Pellegrini, det gjer ikkje den største avisa i hovudstaden. Vi kan kanskje spekulere i om hovudvekta av stemmegivarane er fans av andre klubbar enn Real Madrid. Kanskje dei opplev Pellegrini som ein dårleg trenar, og trur det vil skade Los Blancos all den tid chilenaren blir sittande i kongestolen? Uansett ser ikkje Marca ut til å nå fram med sin kampanje. Avstemminga var, sett frå Marca sin ståstad, mislukka.

Frå Barcelona køyrte El Mundo Deportivo ei liknande avstemming. ”Kven har skulda for at Real Madrid rauk ut av Champions League?” Dei sette opp fire alternativ: Spelarane, Pellegrini, direktøren Valdano eller presidenten Florentino Perez. Etter at knappe 3500 hadde sagt sitt hadde spelarane fått drøye 55% av stemmene og Florentino Perez over 35%. Og trenaren? Fem (5) prosent.

Ein skal kanskje vere forsiktig med å trekke for mange konklusjonar av slike pollar, men det verkar som det vesle snevet av sympati Real Madrid hentar frå folk som ikkje likar Real Madrid, er ein stoisk, roleg, avbalansert chilenar på benken. Ein som ikkje fråskriv seg noko som helst ansvar. Kor riktig han er som trenar for ein klubb av Real Madrid sin storleik, og under heilt andre omstende enn tida i Villarreal, treng vi faktisk meir tid på å vurdere. Eller for å sei det som Pellegrini sjølv; dette er ikkje eit seks månaders-prosjekt.

Dømt ut frå umiddelbare reaksjonar etter nederlaget for Lyon, er det dei overbetalte spelarane og mannen med pengesekken som gjer Real Madrid til ”verstingar”. Dei som godtar seg i skadefryd gjer det ikkje overfor Pellegrini. Han får nemleg Real Madrid til å sjå litt mindre ”verstingar” ut. Men kva folk utanfor klubben måtte meine spelar inga rolle. Det sit folk på toppen med masse peng, og dei tenker snarlege resultat – ikkje sympati. Pellegrini seier han ikkje kjem til å trekke seg. Det kan bli ein raus fallskjerm.

Magnar Kvalvik.

Terminlisten for den italienske toppserien er klar, og her finner du en oversikt over når kampene spilles. CANAL+ viser inntil 6 kamper hver serierunde fra Serie A.

Les mer!

Terminlisten for den spanske toppserien er klar, og her finner du en oversikt over når kampene spilles.

Les mer og se trailer

EM-kvalifiseringskamper, Serie A, Wimbledon, Major League Soccer og NBA.

Les mer!

I hele juli kan du følge fotball, tennis og motorsport direkte på CANAL+.

Les mer!

Den amerikanske fotballigaen tar ikke VM-fri. CANAL+ viser en rekke kamper direkte i hele juli.

Les mer!

Det er klart hvilke tyve klubber som utgjør La Liga 2010/2011.

Les mer!

CANAL+ utvider motorsportsatsingen med den amerikanske versjonen av Formel 1.

Les mer og se trailer

DTM- og Formel 3-sesongen er i gang på CANAL+.

Les mer og se trailer

Speedwaysesongen 2010 varer fra april til september, og på CANAL+ ser du en utvalgt kamp hver tirsdag.

Les mer!

BLOGG | Lars Tjærnås har satt opp tre forbedringspunkter for hver av de VM-landene som blir å se på CANAL+ til høsten

Les mer!

Verdens mest prestisjefulle tennisturnering vises på CANAL+ og kommenteres av Christer Francke og Christian Ruud.

Les mer og se trailer

Canal+