Back to basic med Puyol

Søndagens El Clásico gjekk på kino i Spania. På ”filmplakatane” sto Ibrahimovic, Messi, Ronaldo og Kaka som dei store stjernene. ”Special guest stars” var Henry og Benzema. Pellegrini og Guardiola var oppført som regissørar av det heile. Det var sikkert mange som stussa, men berre avisa Sport skal ha påpeika offentleg at namn som Xavi og Iniesta mirakuløst nok var utelatne frå dei hollywoodske posterane som annonserte det som skulle vere tidenes El Clásico. Men verken Sport eller plakatane nemnte noko som helst om Carles Puyol.

Det var liksom ikkje måte på kva vi skulle forvente oss til denne kampen. Verdas beste klubblag mot verdas dyraste. Vi venta oss finessar, mange mål, spektakulære ferdigheiter og duellar som skulle gi oss klare svar på kven som var best av Xavi og Alonso, Ibrahimovic og Ronaldo, Messi og Kaka. Og kampen var naturlegvis ikkje blotta for finessar, og målet til Ibrahimovic vitnar om ein svensk spiss i den absolutte verdsklasse – om nokon var i tvil frå før. Men det var til slutt dei nærast overtydelege back-to-basic-haldningane til Puyol som stjal showet. Det var ikkje med finessar og eleganse. Det var pur vilje og massiv innsats!

I intervju etter kampen skal han ha sagt at Ibrahimovic er ein av verdas beste spissar, og at Valdes sto ein kjempekamp i målet. Vel og bra det frå ein diplomatisk kaptein som veit å halde forholdet til sine medspelarar på eit harmonisk nivå. Men han treng vel ikkje vere det minste redd for å gi seg sjølv ein klapp på skuldra i same slengen. I ein kamp som var prega av forstyrrande mange stopp i spelet, med tidvis pinlege filmingar frå fleire aktørar, og viljehandsar som førte til gule kort til både Albiol og Busquets (hans andre i kampen), kan eg ikkje hugse at Puyol lagde eit einaste frispark, endå han takla som om han ikkje visste sitt eige beste. Sprang gjorde han også. Heile tida. Så lenge han ikkje låg strak og takla eller blokkerte så grasrøtene til det elles så plettfire underlaget føyk i alle mulege retningar. Banemannen på Camp Nou har sannsynlegvis mareritt om Puyol. Real Madrid-stjernene søv neppe særleg godt dei heller.

Alle Real Madrids angriparar var synleg raskare enn den katalanske hærføraren. Ronaldo, Kaka, Marcelo og Higuaín. Men det hjalp liksom ikkje uansett kor mange meter dei hadde å gå på. Taklingane til Puyol sat som eit nystemt klokkespel same om han kom aldri så langt bakpå i løpsduellane. Marcelo hadde heile 16-meteren for seg sjølv og berre Valdes gjensto. Likevel vart han takla av Puyol. Higuaín vende vekk Piqué, og berre Valdes gjensto. Likevel vart han takla av Puyol. Kor han kom frå veit berre han – Puyol altså.

Det skulle vere stjernenes kamp. Og med ”stjernene” meinar eg først og fremst dei nyleg kjøpte spelarane – sånne som Ronaldo, Kaka, Ibrahimovic. I fotball ligg det naturlegvis veldig prestisje i å gjere dei gode kjøpa, for denne sporten er jo også butikk. I slike kampar blir dei ferskaste kjøpa målt opp mot kvarandre, og ingenting er som ei tydeleg stadfesting av kven som har gjort den beste handelen når det gjer seg utslag i interne oppgjer på fotballbana. Kanskje var det derfor ”filmplakatane” nemnte tre nyinnkjøpte spelarar blant dei fire viktigaste aktørane i oppgjeret. Messi er jo årets heitaste kandidat til Gullballen som blir utdelt tysdag, så han måtte nemnast uansett. Det var ikkje fullt så viktig med Iniesta og Xavi, for dei har vore der ei stund. Puyol har vore der lenge.

Søndag spelte sannsynlegvis 31-åringen sitt aller beste El Clásico-oppgjer. Nyleg forlenga han kontrakten med klubben fram til 2013. Ganske enkelt fordi han vil halde nivået ei stund framover – jamfør måten han kompenserer for sin manglande fart med klokskap og innsats av ei anna verd – og fordi han er den fødte leiartypen, ein veteran som ikkje mistar men brukar hovudet. Der har til dømes Busquets ein del å hente; viljehands då han allereie hadde gult kort = tidleg dusj på stillinga 1-0. Han er framleis ung og dette var hans første El Clásico frå start. Noko av det same fant vi på motsett banehalvdel. Lassana Diarra vart overraskande henta til hovudstaden som ein lågprofilert spelar førre sesong, men har vore ei naturleg brikke i startellevaren sjølv etter etableringa av prosjekt neo galacticos i sommar. Men i sine to El Clásico-oppgjer har han dessverre blitt sentral med negativt forteikn. Ballmissen på Santiago Bernabeu i mai ga Barcelona ei tomålsleiing som var svært vanskeleg – umuleg, viste det seg – å hente inn. Søndag såg han seg lei av Xavi og Messi sine evner til å halde på ballen og fekk sine to gule kort han også. Dette er oppgjer der det viser seg gong på gong at det er heilt essensielt med spelarar med lang fartstid. Dei er faktisk heilt avgjerande. Berre sjå på Puyol.

For regissørane vart det sjølvsagt himmel og helvete. Himmel for Guardiola som no har leia Barcelona til tre strake sigrar mot Real Madrid. Det har ingen Barcelona-manager klart sidan Enrique Fernandez gjorde det like etter 2. verdskrig. Guardiola er dessutan berre den tredje manageren som har unngått tap på dei første 12 serierundane, og mot Xerez på onsdag kan han utlikne Sir Bobby Robson som ikkje tapte med klubben dei første 13 kampane i sesongen 1996/97. Deretter er det berre å gå for all time-rekorden til Terry Venables, som gikk 15 rundar sesongen 1984/85 utan nederlag. Kor uendeleg suksessrik kan Guardiola eigentleg bli på berre to sesongar som manager? Me får berre vente å sjå.

For Pellegrini er det helvete. Tidlegare denne sesongen fekk han massiv kritikk etter nederlaget mot Alcorcón i Copa del Rey. Stygt nederlag det, naturlegvis. Men no vil kritikken basere seg på det faktum at Real Madrid ikkje maktar å vinne dei store oppgjera. Det er stundom vanskeleg å definere ”dei store oppgjera”, men eg har ein mistanke om at dei fleste glatt ser bort frå kampen mot Atletico Madrid ettersom Forlan & Co har hatt ei miserabel sesonginnleiing. Dermed står vi vel igjen med Sevilla (tap 1-2), Milan (2-3 og 1-1) og søndagens kamp på Camp Nou. Personleg har eg framleis tru på chilenaren og håpar mest han ikkje blir ein parantes i Real Madrid-historia, slik til dømes Juande Ramos vart det sjølv om han faktisk hadde gode resultat med klubben (han sytte jo faktisk for ei viss spenning i toppen). Men skal vi tru sportsdirektør Jorge Valdano blir søndagens oppgjer sett på som eit stort spelemessig framsteg. Og sjølv om Real Madrid på ingen måte gjorde seg til skamme på Camp Nou, verkar dette som ein strategisk (og i grunnen fornuftig) kommentar for å redusere støyen rundt Pellegrinis posisjon. Men det er fleire storoppgjer i vente dei komande vekene for hovudstadsklubben. Om to serierundar ventar Valencia på Mestalla. Eit heiderleg nederlag er neppe godt nok.

La Liga-kommentator Magnar Kvalvik

 

Ikkje alle kan tilfredsstillast i fotball. Ein tapar og ein vinnar er ein sentral del av sportens konsept. Dette vart Barcelonas store helg, også sett i lys av at både Sevilla og Valencia gjekk på poengtap. Og mens Puyol skryt av sine lagkameratar for deira prestasjonar mot Real Madrid, tek forhåpentligvis nokon på treningsfeltet ansvaret for å gi Puyol den rosen han sjølv fortener.

Terminlisten for den italienske toppserien er klar, og her finner du en oversikt over når kampene spilles. CANAL+ viser inntil 6 kamper hver serierunde fra Serie A.

Les mer!

Terminlisten for den spanske toppserien er klar, og her finner du en oversikt over når kampene spilles.

Les mer og se trailer

EM-kvalifiseringskamper, Serie A, Wimbledon, Major League Soccer og NBA.

Les mer!

I hele juli kan du følge fotball, tennis og motorsport direkte på CANAL+.

Les mer!

Den amerikanske fotballigaen tar ikke VM-fri. CANAL+ viser en rekke kamper direkte i hele juli.

Les mer!

Det er klart hvilke tyve klubber som utgjør La Liga 2010/2011.

Les mer!

CANAL+ utvider motorsportsatsingen med den amerikanske versjonen av Formel 1.

Les mer og se trailer

DTM- og Formel 3-sesongen er i gang på CANAL+.

Les mer og se trailer

Speedwaysesongen 2010 varer fra april til september, og på CANAL+ ser du en utvalgt kamp hver tirsdag.

Les mer!

BLOGG | Lars Tjærnås har satt opp tre forbedringspunkter for hver av de VM-landene som blir å se på CANAL+ til høsten

Les mer!

Verdens mest prestisjefulle tennisturnering vises på CANAL+ og kommenteres av Christer Francke og Christian Ruud.

Les mer og se trailer

Canal+